Bank og forsikring
Partnaren tilbyr Filip til eldre kundar og pårørande. Med ein øvingskopi som er heilt lik eigen nettbank, laga i avtale med banken, øver kundane i akkurat det dei skal bruke.
Ta kontaktFilip er ein KI-rettleiar for folk over 65. Han viser kvar dei skal trykkje i nettbanken og dei offentlege tenestene, steg for steg, og øver dei i å seie nei til svindel. Dei gjer alt sjølve.
Nye EU-reglar, venta i Noreg gjennom EØS, gir bankane ansvaret når svindlarar gir seg ut for å vere banken. Det er nettopp den situasjonen Filip øver på.
Øvingsbanken er gratis å bruke på kurs. Alt anna avtalar vi saman.
Partnaren tilbyr Filip til eldre kundar og pårørande. Med ein øvingskopi som er heilt lik eigen nettbank, laga i avtale med banken, øver kundane i akkurat det dei skal bruke.
Ta kontaktDeltakarane øver på å betale rekning, godkjenne eFaktura og seie nei til svindel i ein oppdikta bank. Inga innlogging, ingenting kan gå gale, og rettleiaren ser kva som sit.
Ta kontaktVi kjem på besøk, alle øver i øvingsbanken, og familiane får vite om Filip.
Ta kontaktKonseptvideo med ein oppdikta bank: Dagens øving, ei rekning og ein svindeltelefon. Alt ho gjer, gjer ho sjølv.
Skjermbileta i filmen er illustrasjonar, ikkje eit opptak av ferdig produkt. Kystbanken er ein fiktiv bank. Meldinga til familien i filmen sender Markus sjølv; Filip sender ingen varsel.
Filip er brukaren sitt eige hjelpemiddel. Han viser veg, men gjer aldri noko på vegner av brukaren. Personvernløfta står i einsidaren om personvern og arkitektur (PDF).
Filip er under utvikling hos Hei Filip AS, eit nystarta selskap i Ørsta. Vil de få ein demonstrasjon, bruke øvingsbanken på eit kurs eller snakke om eit samarbeid: ta kontakt.
Markus Bolli Austrheim, gründar, Ørsta og Bergen