Hopp til innhaldet
Gratis kurs i Ørsta frå januar 2027. Slik melder du deg på

Eit tolmodig barnebarn i lomma.

Filip er ein app som viser deg kvar du skal trykkje i nettbanken, i Digipost og på Helsenorge – steg for steg, på din eigen skjerm. Du gjer alt sjølv, og lærer å seie nei til svindel.

Familietesten er ein gratis prøveperiode: frå desember prøver 20–⁠30 familiar Filip i åtte veker, utan binding. Det er Filip som blir testa, ikkje du. Du får hjelp undervegs, og det du fortel oss, gjer Filip enklare å bruke og flinkare til det du treng.

Spørsmål? Ring Markus Bolli Austrheim, som har laga Filip: 932 56 491.

Heimskjermen i Filip-appen: tre store knappar, Snakk med Filip, Svindelsjekk og Øv og lær, og telefonnummeret til Markus.
Heimskjermen i Filip-appen (prøveversjon). Trykk på biletet for å prøve.

Slik hjelper Filip deg

Står du fast, spør du Filip, og han forklarar steg for steg. Når du øver, teiknar Filip ein lysande ring rundt knappen du skal trykkje på, og ei roleg stemme seier kva du skal gjere. Du trykkjer sjølv, og trykkjer du feil, viser Filip vegen tilbake. Appen har tre delar:

Snakk med Filip prøveversjon

Eit brev du ikkje forstår, ein app (eit program på telefonen) som ikkje vil, ei melding du er usikker på. Trykk og snakk, eller skriv. Filip svarar roleg, steg for steg, heile døgnet.

Han seier alltid at han er ein KI, ein kunstig intelligens. Og han ber deg aldri om kodar.

Snakk med Filip: Filip spør «Kva kan eg hjelpe deg med i dag?», med knappen «Trykk og snakk».

Svindelsjekk kjem

Rar oppringing eller melding? Skriv eller send meldinga til Filip. Han hjelper deg å kjenne att teikna på svindel, og fortel deg kva du bør gjere vidare. Finn han eit teikn, forklarar han det, så du kjenner det att neste gong.

Svindeløvinga i øvingsbanken: ringen rundt eit varsel som spør om det er du som loggar inn.

Øv og lær i dag

Øv på nettbanken før du gjer det på ordentleg. Helsenorge og Digipost kjem snart. Øv litt kvar dag, i ditt eige tempo: betal ei rekning, sjå saldoen eller godkjenn med BankID. Ringen viser kvar du skal trykkje, og du trykkjer sjølv.

Øvingsbanken ser ut som ein vanleg nettbank, men ingenting er ekte. Inga innlogging, ingen ekte pengar.

Øvingsbanken: ringen rundt knappen «Betal».

«Trygg på nett – Ørsta»

Plassar
15
Lengd
8 veker frå januar 2027
Samlingar
1 i veka
Pris
0 kr

Påmelding til kurset: skriv deg på lista på lagsmøtet i Ørsta pensjonistlag 4. november, eller ring Markus på 932 56 491. Kurset er ope for alle, ikkje berre medlemer i laget.

Kurset er laga av Markus Bolli Austrheim, som òg leier det. Målet er at du etter åtte veker klarar dette på eiga hand: sjå saldo, betale ei rekning med KID-nummer, lese eit brev i Digipost, bestille time på Helsenorge, og kjenne att svindel og seie nei.

Vil de ha eit liknande tilbod? Lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan ta kontakt: ring Markus Bolli Austrheim på 932 56 491 eller skriv til markus@heifilip.no.

Mor brukar Filip. Du kan senke skuldrene.

Mange vaksne barn er dei mor ringjer når noko er vanskeleg: FaceTime når ho står fast, og ein klump i magen når det kjem ein rar SMS. Filip er der når du ikkje kan vere det.

Markus Bolli Austrheim

Familietesten

20–30 familiar, åtte veker frå desember, kvar som helst i landet. Gratis og utan binding.

Seks løfte frå Filip

  • Du er sjefen. Filip viser kvar du skal trykkje, og du trykkjer sjølv.
  • Ber aldri om kodar. Kodane er berre dine.
  • Ingen lenkjer i SMS. Då er falske «Filip»-meldingar lette å avsløre.
  • Ærleg når han er usikker. Då ber han deg ringje banken sjølv.
  • Data i EU/EØS. Berre det familietesten treng, sletta etterpå.
  • Øvingsbanken er oppdikta. Inga innlogging, ingen personopplysningar.

Ta kontakt

Filip er under utvikling hos Hei Filip AS, eit nystarta selskap i Ørsta. Vil de vere med i familietesten, få ein demonstrasjon eller snakke om eit samarbeid: ta kontakt.

Markus Bolli Austrheim, gründar, Ørsta og Bergen

Familietesten Ring 932 56 491