Personvern: påmelding til familietesten
Kven er ansvarleg
Filip ved Markus Bolli Austrheim, Ørsta. Hei Filip AS blir stifta i haust og tek over ansvaret når selskapet er registrert. Kontakt: markus@heifilip.no, 932 56 491.
Kva vi lagrar
Om deg: namn, e-post, mobilnummer og kven du melder på (mor, far, ein annan eller deg sjølv). Vi lagrar òg kvar du høyrde om Filip, og når du sa ja til dette.
Om den som skal bruke Filip: berre førenamnet (eller eit kallenamn), kommunen og kva utstyr og tenester ho eller han brukar. Aldri fødselsdato, adresse eller helseopplysningar. Den som skal bruke Filip, seier sjølv ja eller nei før testen startar.
Kvifor
For å kontakte deg om familietesten og tilpasse øvingane. Vi sel aldri opplysningane og brukar dei ikkje til reklame.
Kor lenge
Til familietesten er ferdig, seinast 31. mars 2027. Trekkjer du deg, slettar vi alt om dykk innan 30 dagar.
Kvar
På webhotellet til heifilip.no hos Domene.no. Serverane står i Oslo, og sikkerheitskopiane i Sverige. Utover Domene.no deler vi ingenting med andre.
Rettane dine
Du kan be om innsyn, retting og sletting, og trekkje samtykket når som helst. Send ein e-post til markus@heifilip.no. Du kan òg klage til Datatilsynet.
Grunnlag
Samtykket ditt, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a.
Det du kryssar av for i skjemaet
«Eg samtykkjer til at Filip lagrar opplysningane over og kontaktar meg om familietesten. Melder eg på nokon annan, har eg fortalt det til den det gjeld.»
Samtykketekst versjon v1.2-2026-10-nn (nynorsk). Les den same teksten på bokmål.