Mor brukar Filip. Du kan senke skuldrene.
Mange vaksne barn er dei mor ringjer når noko er vanskeleg: FaceTime når ho står fast, og ein klump i magen når det kjem ein rar SMS. Filip er der når du ikkje kan vere det.
Mor bestemmer kva du får sjå, og Filip ber aldri om passord eller kodar.
Familietesten er ein gratis prøveperiode: frå desember prøver 20–30 familiar Filip i åtte veker, utan binding. Det er Filip som blir testa, ikkje mor. Mor får hjelp undervegs, og det de fortel oss, gjer Filip enklare å bruke og flinkare til det ho treng.
Spørsmål? Ring Markus Bolli Austrheim, som har laga Filip: 932 56 491.
Slik går familietesten
20–30 familiar, åtte veker frå desember, kvar som helst i landet. Gratis og utan binding. Markus følgjer dykk opp sjølv.
Du melder på. To minutt på heifilip.no/meld.
Markus ringjer innan ei veke. Mor seier sjølv ja eller nei, og Markus hjelper dykk i gang med appen.
Mor øver litt kvar dag i appen, i sitt eige tempo.
Markus ringjer mor kvar veke, og du får ei kort melding – berre det mor har sagt ja til.
Etter åtte veker seier de kva som fungerte, og kva som må bli betre. Det formar Filip vidare.
Det de får: Filip-appen på telefonen eller nettbrettet til mor, med Øv og lær (øvingar i nettbank, Helsenorge og Digipost), Svindelsjekk og Snakk med Filip – og Markus på telefon kvar veke. Nokre delar blir slått på undervegs i testen.
Mor øver i sitt eige tempo, så ho kan klare meir sjølv i nettbanken, Digipost og Helsenorge. Du får færre «kan du hjelpe meg»-telefonar, og du veit korleis det går. Og de er med på å forme Filip.
Brukar ho ikkje nettbank i dag? Då er øvingsbanken staden å byrje. Alt der er oppdikta, så ingenting kan gå gale.
Seks løfte frå Filip
- Du er sjefen. Filip viser kvar du skal trykkje, og du trykkjer sjølv.
- Ber aldri om kodar. Kodane er berre dine.
- Ingen lenkjer i SMS. Då er falske «Filip»-meldingar lette å avsløre.
- Ærleg når han er usikker. Då ber han deg ringje banken sjølv.
- Data i EU/EØS. Berre det familietesten treng, sletta etterpå.
- Øvingsbanken er oppdikta. Inga innlogging, ingen personopplysningar.
Ta kontakt
Filip er under utvikling hos Hei Filip AS, eit nystarta selskap i Ørsta. Vil de vere med i familietesten, få ein demonstrasjon eller snakke om eit samarbeid: ta kontakt.
Markus Bolli Austrheim, gründar, Ørsta og Bergen